Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Eksport av fisk til EU

Det er dei forskjellige avtalane med EU som regulerer tollavgiftssatsen.

Den preferensielle handelen med fisk og sjømat med EU er i hovudsak regulert av følgande avtalesett:

  • Protokoll 9 i EØS-avtalen av 1994
  • Det såkalla "fiskebrevet" frå 1973 med seinare endringar
  • Tilleggsavtalar til handelsavtala frå 1973 (Kompensasjonsavtalane)
  • GATT-kvotar

EØS-avtalen er i dag den viktigaste avtalen som regulerer samhandelen mellom Noreg og EU.

Reglane i EØS-avtalen som regulerer handelen med fisk og sjømat, er tekne inn i Protokoll 9, medan opphavsreglane finst i PEM-konvensjonen. Fiskebrevet har egne opphavsreglar, blant anna må alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet kome frå Noreg eller eit EU-land.

Opplysning om opphavslandet

Ønskjer du å bruke dei autonome kvotane i EU og/eller WTO (GATT-kvotar) for fisk og anna sjømat, er det EUs nasjonale ikkje-preferensielle opphavsreglar som gjeld.

Stadfesting av preferansetollbehandling skal skje etter desse retningslinene:

  • Brukast ein av kvotane fastsett i ein av kompensasjonsavtalane eller fiskebrevet skal "Noreg" oppgjevast som opphavsland.
  • Brukast Protokoll 9 til EØS-avtalen skal "EØS" oppgjevast som opphavsland.

I kompensasjonavtalane har EU gitt tollavgiftsfrie kvotar for fisk med norsk opphav. Under Protokoll 9 er det inga kvoteavgrensing, men for enkelte fiskeslag er det berre ein reduksjon av ordinær tollavgift.

Oppdatert: 13.10.2025

Endringskommentar: Oppdatert